lørdag 1. august 2015

Vedrørande publisert sitatfoto: Visjon Norge-gründeren har tilrådd "B17" ikkje berre to, men (minst) tre gonger!


Det viser seg at Jan Hanvold også har tilrådd "B17" i slutten av april i år. Dette går fram av gjengivinga du finn i eit foto her:

www.facebook.com/antivisjon/photos/pb.282815031903635.-2207520000.1438449214./388748494643621/?type=3&theater 

I det "sitatbiletet" som nyleg blei lagt ut her på bloggen, sto berre utdrag frå innlegg som enno finst på Hanvold sine Facebook-profilar. Som ein del veit, har han for vane - med jamne mellomrom - å sletta alle innlegga sine på den offentlege profilen.

Ein titt på biletet som det blir lenka til ovanfor, er hermed tilrådd. Der er Visjon Norge sin redaktør sitert med følgande:

"[...] for vår jordeliv går vi for 120 år. Derfor er det viktig å holde kroppen i form. Og få nok næring. Så derfor spiser jeg mineraler og vitaminer. Spesiellt B 17."

Vi kan alle ta feil her i livet, men det er ganske alvorleg at ein mann som er ansvarleg redaktør for ein såkalla kristen kanal, og som meiner seg å ha peiling på helse, tilrår noko som solid forsking seier at du godt kan halda deg vekke frå.

For det første: Det kan vera farleg å ta det Hanvold her siktar til. Det kan glatt gå inn i kategorien "suspekte eller ikkje vitskapleg tilrådde helsekostprodukt".

For det andre: Det Hanvold tilrår, er ikkje ein vitamin. For å sitera ei nettside frå og om britisk kreftforsking:

"Some people call laetrile vitamin B17, although it isn’t a vitamin."

Ta gjerne ein aldri så vesal vevvisitt her ...:

http://www.cancerresearchuk.org/about-cancer/cancers-in-general/treatment/complementary-alternative/therapies/laetrile

På den sida finn du ut meir om laetrile, som ifølge sida av nokon også blir kalla "amygdalin(a)", "B17" og andre namn.

Tre spørsmål til sist her no -
om ikkje til noko anna, så i alle høve til gjestande (grave)journalistars refleksjon og evt. konfrontasjon (med "dei som reklamerer for det såkalla vitaminet") ...:

Kvifor kjem Visjon Norge-redaktøren med dette helserådet sitt - attpåtil fleire gonger? Er det eigentleg berre for å dela om noko han synst fungerer bra, for at andre skal få same utbyttet? Kan eitt motiv vera at kameraten Donald Bergagård - eller/og Hanvold sjølv - skal få selt helsekostprodukt?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar