mandag 3. august 2015

Snøball nr. 4 (metaforisk meditasjonslyrikk av mellomklassa)


(Også publisert på http://www.verdidebatt.no/debatt/cat12/subcat18/thread11589909/)

Ballane

Seriøst? Ja, ganske så seriøst. Ein ball - ballen - ballar - ballane. Snø-.
Snøballen kjem rullande
trillande
snøball nummer 4
Tenk det! På det fjerde skal det skje

Kanskje veit du ikkje kva eg snakkar om
kanskje skjønar du det snart
Det er ikkje så hytt

I hytt og vær står snøspruten
medan høgborga ristar av kulerunde ballar
som kjem hoppande, dansande, dinglande opp og ned og opp
og ned på taket og på vollgrava
og på studiofasilitetar av fløyel og fjonge fjær

Ingen har vel nokon gong sett
gjennom tidene
at ein snøball av denne storleiken
har rulla ned så metaforisk, enerverande
mest meditativt
medan skrivande skravlarar og skravlande skrivarar
dei høge og dei låge
ikkje skjønar kva som skjer

Utanom nokre få, då

Flink gut

Flink pike

Klink. Der gjekk dørhandtaket ned. Obs, ver varsam, døra kan detta or hengslane
no ja - det gjer jo ikkje noko; der er jo ikkje noko anna att kring døra
kva gjer vel éi dør frå eller til då

Valuable resources ruined
Merry Christmas

Godt gjort å halda stand mot dei første tre ballane. Det skal dei ha

Jammen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar