Viser innlegg med etiketten gransking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gransking. Vis alle innlegg

søndag 2. august 2015

Hvem er "vi"?

Er "vi" en butikk de fleste ikke veit noe særlig om?

Eller er "vi" VN-sjefen og herr og fru Skevik og deres Shofar Dreams/Rettbutikk.no?

Under ser du noen litt interessante skjermfoto - iallfall hvis de ses i sammenheng - av innhold henholdsvis på Facebook.com/JanHanvold, nyhetsbrev fra nedlagte Visjon TV & Webshop og nettbutikken til Margun og Jostein Skevik.

Det kan se ut til at Skevik har litt mer orden - eller ønske om å ha orden - på hva som er hva enn det Visjon Norge-sjefen har. Eller så har Visjon Norge-sjefen - av en eller annen grunn, mer eller mindre motivert av å ønske å virke sterk - "bare" fortsatt den vanen at han bruker "vi" på mildt sagt uvørent vis.

(Klikk på foto for å forstørre.)
(Klikk på foto for å forstørre.)

lørdag 1. august 2015

Vedrørande publisert sitatfoto: Visjon Norge-gründeren har tilrådd "B17" ikkje berre to, men (minst) tre gonger!


Det viser seg at Jan Hanvold også har tilrådd "B17" i slutten av april i år. Dette går fram av gjengivinga du finn i eit foto her:

www.facebook.com/antivisjon/photos/pb.282815031903635.-2207520000.1438449214./388748494643621/?type=3&theater 

I det "sitatbiletet" som nyleg blei lagt ut her på bloggen, sto berre utdrag frå innlegg som enno finst på Hanvold sine Facebook-profilar. Som ein del veit, har han for vane - med jamne mellomrom - å sletta alle innlegga sine på den offentlege profilen.

Ein titt på biletet som det blir lenka til ovanfor, er hermed tilrådd. Der er Visjon Norge sin redaktør sitert med følgande:

"[...] for vår jordeliv går vi for 120 år. Derfor er det viktig å holde kroppen i form. Og få nok næring. Så derfor spiser jeg mineraler og vitaminer. Spesiellt B 17."

Vi kan alle ta feil her i livet, men det er ganske alvorleg at ein mann som er ansvarleg redaktør for ein såkalla kristen kanal, og som meiner seg å ha peiling på helse, tilrår noko som solid forsking seier at du godt kan halda deg vekke frå.

For det første: Det kan vera farleg å ta det Hanvold her siktar til. Det kan glatt gå inn i kategorien "suspekte eller ikkje vitskapleg tilrådde helsekostprodukt".

For det andre: Det Hanvold tilrår, er ikkje ein vitamin. For å sitera ei nettside frå og om britisk kreftforsking:

"Some people call laetrile vitamin B17, although it isn’t a vitamin."

Ta gjerne ein aldri så vesal vevvisitt her ...:

http://www.cancerresearchuk.org/about-cancer/cancers-in-general/treatment/complementary-alternative/therapies/laetrile

På den sida finn du ut meir om laetrile, som ifølge sida av nokon også blir kalla "amygdalin(a)", "B17" og andre namn.

Tre spørsmål til sist her no -
om ikkje til noko anna, så i alle høve til gjestande (grave)journalistars refleksjon og evt. konfrontasjon (med "dei som reklamerer for det såkalla vitaminet") ...:

Kvifor kjem Visjon Norge-redaktøren med dette helserådet sitt - attpåtil fleire gonger? Er det eigentleg berre for å dela om noko han synst fungerer bra, for at andre skal få same utbyttet? Kan eitt motiv vera at kameraten Donald Bergagård - eller/og Hanvold sjølv - skal få selt helsekostprodukt?

fredag 31. juli 2015

Sitat - stilte i samanheng (særskilt eigna åt dei som ønsker å grava eller "studera litt" ...)

Har du tid, kan du prøva å samanlikna ein del av utsegnene i dette "sitatbiletet". (Klikk på biletet for å sjå teksta skikkeleg, og zoom deretter inn eller ut der du sjølv ønsker :))
 ("Biletet" er (ultimo juli) sett saman av sitat frå Jan Hanvolds profilar på Facebook.)
Meir antivisjonært stoff på www.facebook.com/AntiVisjon