lørdag 4. juli 2015

Alfabetisk liste over predikantar Hanvold har hatt på besøk frå utlandet (og ofte med ekstrem forkynning med seg)

Eg veit ikkje kven som har betalt kor mykje for å få desse frå utlandet og til Noreg, og i nokre få tilfelle er det kanskje ikkje hovudsakleg Hanvold/kanalen som har invitert eller betalt. På møte og på skjermen har dei i alle høve vore. Eg har ikkje kome på alle detaljar – eller alle personar. Nokre kjem eg på utan å hugsa namnet. (Var mellom andre ein som blei kalla profet, som kom for nokre år sidan og som fortalde om at han trefte ei kvinne på ei reise og sa at ho skulle velja Mr. November eller Mr. [Eitt eller anna anna månadsnamn]. Om nokon hugsar meir om dette enn eg, kommenter gjerne!)

Det kunne vera interessant å få høyra frå Hanvold kor mykje av partnerpengane som kan ha gått med til flyreiser eller honorar. Eg trur ikkje at eg er riktige personen til å konfrontera han med det – i alle høve ikkje på ein blogg eller på annan skriftleg måte. Kanskje kjenner nokon andre seg kalla ...

I alle fall: 

Følgande gjestar har det felles kjennemerket at dei i nokon eller høg grad forkynner skremmande og/eller herlegdomsteologisk bodskap ("positiv vedkjenning" og/eller «prosperity gospel») – eller/og er «frå den profetisk-karismatiske leiren».

Om ein ikkje bryr seg om kostnader, kan ein i det minste prøva å opna augo for kva lære som er typisk/fundamental for Visjon Norge:

Angel, Beverly (ven av Howard-Browne) (kom i 2014 og 2013)

Backman, Glory (ven av Howard-Browne) (komen mange gonger, bl.a. i 2013 og 2014)

Bond, Mel

Cruse, Becky og Joe med familie (vener av Howard-Browne) (kom bl.a. under og i samband med Howard-Brownes møte i Mjøndalshallen)

Howard-Browne, Adonica og/eller Rodney (komne to-tre gonger på 2000-tallet, Mjøndalen og Bergen/Forum kino)

Kaye, Rory (kom bl.a. i 2014)

Lechner, Cathy (tilknytt Maldonado) (kom i 2014 og 2015)

Maldonado, Guillermo (betalte, ifølge Hanvold under sending, reisa sjølv) (kom i 2015, april)

--- Ei mengd medarbeidarar (musikarar o.a.) til Maldonado (moglegvis kom desse i Maldonados privatfly saman med han) (kom i 2015, april)

--- Ein medarbeidar i Guillermo Maldonados forsamling som skulle «varma opp» nordmennene før Maldonado kom (kom i februar 2015)

McCurdy, James (ven av Howard-Browne) (kom på 2010-talet)

Meyers (herr og fru) (vener av Howard-Browne) (kom i 2014/2015)

Moore, Richard (tilknytt Howard-Browne) (kom på 2000-tallet, Forum kino)

Onakoya, Ella (kom i 2014)

Oniwinde, Bayo (mangeårig ven av Hanvold) (komen fleire gonger, i 2014, 2015)

Rester, Debbie Rich (ven av Howard-Browne) (kom fleire gonger på 2000-tallet)

Sartin, Mark (2015, Norge IDAG inviterte kanskje først)

Scrivner, Thurman (kom bl.a. i 2010)

Spiker, Brandon (hatt ein del kontakt med Howard-Browne) (kom på 2010-tallet)

Stott, Darrel (Toronto-influert) (kom i 2014, februar)


Kanskje lesarane kjem på fleire?

Merknad: Mark Sartin såg først ut til kanskje å vera mest opptatt av bøn og omsorg for Noreg, jamfør bøneaksjonen han og Norge IDAG-folka initierte. Ved siste, eller eitt av dei siste, besøka på Visjon Norge viste han like fullt at han var på line med velstandsforkynnarar flest då pengar skulle samlast til kanalen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar